Totalt antall sidevisninger

mandag 14. februar 2011

Refleksjon over læringsprosessen

Dette er svaret på del b) i oppgåva IKT 307, nærare formulert slik:

"Skriv en kort refleksjon over din læringsprosess i arbeidet med arbeidskravet.
Vis gjerne til kilder fra pensum."


Fordelar ved samskrivingsverktøyet:

Tilgjengelegheit: oppgåva ligg fritt tilgjengeleg for alle gruppemedlemmene, slik at ein unngår problemet at den av deltakarane som hadde alt lagra på si maskin, stogga heile prosessen når vedkomande var vekke.

Det er også låg terskel for kommentering i eit slikt verktøy, og ein kan få med ulike typar innlegg. Eg har sett noko nærare på synspunkt angåande bruken av interaktiv skriving i skulen og fordelane ved dette, som mellom anna går på at elevtekstane vert lest av fleire enn berre læraren, og at ein får eit mangfald av kommentarar. No galdt dette ein wiki, men ein kan vel tenkje seg at dette kan oppnåast i eit Google Docs-dokument også. Sjå debatten på deltemeninger.no:


Ulemper ved å bruke samskrivingsverktøy:

Teknologien kan vere litt fersk og krever mykje datakapasitet, til dømes hang dokumentet fleire gonger under arbeidet, når fleire var inne i det samstundes.

Sidan programmet er lite og lettvint, opplevde vi også manglar når det galdt å overføre tekst frå Google Docs dokumenter til presentasjonsverktøyet Google docs presentasjon. Her oppsto problemet med formateringa i google docs når vi limte inn tekst i presentasjonsverktøyet; det er tungvint når innrykk, tabulator ikkje fungerer og må setjast på nytt.

Ein faktor ved Google docs er at kvar brukar må logge seg på, og at dette er eit lukka system. Dette er gjev ein viss kontroll over kven som brukar og ser teksten. Samstundes kan det vere litt plunder med å få ei heil klasse pålogga; dette må løysast ved å ha eit innføringskurs med påfølgande pålogging. Samskrivingsprosessen er ein prosess som krev tid.

Kva har eg lært?

Eg har fått kjennskap til google docs, og presentasjonsverktøyet til google docs, og vi har jobba med ei oppgåve som er relevant for faget - og for så vidt også for dette kurset. Slik sett har denne oppgåva synt at IKT lett kan integrerast i eit fag som samfunnsfag, og at både innhald og form kan takast opp til debatt.

Eg har oppretta blogg og nytta ulike HTML-funksjonar, som oppretting av lenkjer og innbygging. Dette har fungert greit.



Kjelder:

Lærebok i samfunnsfag, vg2:
Notaker / Totland: Samfunnsfag Gyldendal 2009

Heimesida til læreboka:
http://mml.gyldendal.no/flytweb/default.ashx?folder=8635

Læreplan i samfunnsfag:
http://www.udir.no/grep/Lareplan/?laereplanid=1097986&visning=5

Frå nettstaden deltemeninger.no, som er eit offentleg fora for debatt om sosiale, brukarstyrte medie:
http://deltemeninger.no/-/forum/show/219276_barn-og-unge-i-nettverksamfunnet?ref=mst




mandag 7. februar 2011

Om gruppearbeid i Google Docs i samband med IKT-kurs ved Firda

Kva skulle vi gjere:

Vi hadde fått eit arbeidskrav i samband med IKT-kurs for lærarar, som hadde følgjande målsetjing:

"I dette arbeidskravet skal du bli kjent med Google dokumenter og blogg for å kunne erfare og vurdere potensialet verktøyene har for bruk i klasserommet."

Vi skulle lage eit gruppeopplegg der elevane måtte bruke Google Docs og - presentasjonsverktøy, med utgangspunkt i eit kompetansemål frå fagplanen.

Kva gjorde vi:

Det første vi måtte gjere var å bestemme oss for kva fag vi ville samarbeide om og eit kompetansemål i det faget. Vi valde faget samfunnsfag, og deretter drøfta vi oss fram til korleis vi kunne lage til eit gruppeopplegg for fleire grupper.

Eit av kompetansemåla var knytt til omgrepet sosialisering. Når vi gjekk til læreboka og til kva det sto om dette kompetansemålet, ga læreboka nokre peikepinnar.

(Sjå lenkje til læreplanen her!)

Læreboka skriv om massemedia som ein einvegs kommunikasjon, medan sosialisering mellom vener, familie og på skulen skjer tovegs. Dei sosiale media kan imidlertid seiast å vere tovegs, samstundes som dei er massemedie?

Vi arbeidde fram opplegget saman på Google docs, og laga deretter ein presentasjon i Google presentasjonsverktøy (meir om det i neste innlegg). Slik ser den ut: