Kva skulle vi gjere:
Vi hadde fått eit arbeidskrav i samband med IKT-kurs for lærarar, som hadde følgjande målsetjing:
"I dette arbeidskravet skal du bli kjent med Google dokumenter og blogg for å kunne erfare og vurdere potensialet verktøyene har for bruk i klasserommet."
Vi skulle lage eit gruppeopplegg der elevane måtte bruke Google Docs og - presentasjonsverktøy, med utgangspunkt i eit kompetansemål frå fagplanen.
Kva gjorde vi:
Det første vi måtte gjere var å bestemme oss for kva fag vi ville samarbeide om og eit kompetansemål i det faget. Vi valde faget samfunnsfag, og deretter drøfta vi oss fram til korleis vi kunne lage til eit gruppeopplegg for fleire grupper.
Eit av kompetansemåla var knytt til omgrepet sosialisering. Når vi gjekk til læreboka og til kva det sto om dette kompetansemålet, ga læreboka nokre peikepinnar.
(Sjå lenkje til læreplanen her!)
Læreboka skriv om massemedia som ein einvegs kommunikasjon, medan sosialisering mellom vener, familie og på skulen skjer tovegs. Dei sosiale media kan imidlertid seiast å vere tovegs, samstundes som dei er massemedie?
Vi arbeidde fram opplegget saman på Google docs, og laga deretter ein presentasjon i Google presentasjonsverktøy (meir om det i neste innlegg). Slik ser den ut:
Dette er en god blogg, lett å følge og samtidig avansert. Jeg kunne imidlertid tenk meg litt mer refleksjon
SvarSlett