Totalt antall sidevisninger

onsdag 6. april 2011

Ord for dagen


Eg vurderer å lansere eit kvardagsfilologisk prosjekt, nemleg å presentere eit ord kvar dag, eller eit ord annakvar dag, eller veke, eller iallfall månad, men ikkje under noko omstende meir enn eit ord for dagen, frå det framifrå bokverket Norsk ordbok som tok til i 1930, og som er planlagt ferdig i 2014.

Det skal få med så mange ord som mogleg i det nynorske skriftspråket, samt dialektar. Når dei i alt 12 binda er klare i 2014 vil verket ha med rundt 300 000 oppslagsord.



Dagens ord er: berre



og tyder, som fyrste forklaring i NO: adv, konj; ikkje meir eller fleire enn; ikkje noko anna enn; åleine, einast; det er berre han som veit det/berre to av gutane kom/han er berre tolv år gamal/det er ikkje lite berre det/regnet varte berre ei lita stund/visa er funni i Norig berre


Bilete som illustrerer ordet berre:

Når eg søkte på google-biletsøk etter ordet "berre", kom det opp mange bilete av fotballspelarar eller  andre som heitte Berre. Eg tek i staden med dette biletet, der biletteksten er: "Ingen fare, ho har berre korte bein."




Kjelder:

Allkunne.no, om Norsk ordbok

Hellevik (red.): Norsk ordbok, band 1 Det norske samlaget 1966

Bloggen vissevass.blogg.no