![]() |
| Caspar David Friedrich: The wanderer above the mists (1817-18) |
Dette er ei skildring av eit tenkt undervisningsopplegg i faget norsk for vg2 studieførebuande.
Eg har teke utgangspunkt i desse læreplanmåla:
Sammensatte tekster:
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
- analysere og vurdere ulike sjangere i tekster hentet fra TV, film og Internett
- bruke ulike medier for å tolke og presentere tekster fra ulike tider
- vurdere bruk av estetiske virkemidler i ulike medier
Språk og kultur
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne:
- gjøre rede for viktige utviklingslinjer og noen sentrale forfatterskap i norsk og europeisk litteratur fra middelalderen til og med romantikken og denne litteraturens forhold til øvrig europeisk kulturhistorie,
- forklare hvordan litteratur og andre kunstuttrykk i og utenfor Norge har påvirket hverandre de siste århundrene
... og tenkt ut følgjande undervisningsopplegg:
1 Vel deg ut eit kunstverk frå den romantiske epoken i Europa / Nordamerika.
2 Tolk biletet utfrå det du ser - i maks fem setningar.
3 Gjer greie for det du meiner er typisk romantiske trekk ved biletet - i maks fem setningar.
4 Legg ut ei lenkje til biletet, saman med di tolking, i facebookgruppa Norskgruppa - norsk for klasse 2mua, Firda 2011.
Kva er utfordringane knytt til eit slikt opplegg? Kom gjerne med kommentarar, problematiseringar, hyllingar eller spørsmål til dette, anten til sjølve opplegget, eller til det å legge det ut på Facebook.
Anders

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar