Totalt antall sidevisninger

lørdag 2. april 2011

Smart å dele

Auguste Rodin: Tenkjaren


Dette er eit kort refleksjonsinnlegg over arbeidsprosessen der eg har arbeidd med, og delt, eit undervisningsopplegg som dreier seg om sosiale medier.

Eg har skissert eit opplegg der ein kan bruke Faceboook i norskundervisninga, både på bloggen min og på delogbruk.no.

Det som er interessant når ein skal dele eit undervisningsarbeid ut til andre, er jo erkjenninga av at det i delingsarbeidet ligg ein ibuande oppfordring til å vere pedagogisk: Når ein skal legge ut eit opplegg til  potensielle andre lesarar enn  elevane sine, på ein blogg som prinsipielt sett ligg open for alle, skal ein ikkje sjå bort ifrå at ein prøver litt hardare på å lage eit klart og tydeleg opplegg som skal vere fritt for mistydingar og forvirringar.

I klasserommet, der ein vanlegvis gjev slike beskjedar, vert det ganske snart tydeleg om elevane har skjønt beskjedane eller ikkje. Det ser ein på kor mange gonger ein må gjenta bodskapen. I ein blogg må ein oppklare spørsmåla i ei rekkje kommentarar som kjem på ei snor etter innlegget sitt, dersom dette er uklart. Oppdragingsfunksjonen er openbar.

Prosessen har vore lærerik, og eg har måtta tenkje nytt rundt eit felt eg kjenner fagleg, men ikkje formmessig. Kanskje eg no endeleg kan gå på Facebook med godt samvit.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar