Refleksjonar over arbeidet med å lage ein wiki om eit særskilt emne, og over kva som krevast i ei gruppe for å få til ein bra wiki. Dette er eit ledd i kurset IT307 - Webtenester - digital kommunikasjon.
For meg har det blitt klart at mykje av arbeidet med å lage ein wiki handlar om organisering, om å få oversikt, og ha ein klar og tydeleg idè om korleis ei slik side skal sjå ut. Om ikkje denne klare ideen og oversikta er der før ein tek til, bør den oppstå bra tidleg i prosessen slik at det arbeidet ein gjer, ikkje må gjerast om eller er fåfengt.
Kva er ein wiki?
Vi har laga ein wiki om ungdom og media, slik oppgåva vår lydde, og organiserte den i sider og undersider etter kva tema den enkelte i gruppa landa på å skrive om. Ein wiki slik vår ser ut, er altså ei samling lenkjer som er organisert etter korleis dei passar inn i vår samanheng. Wikilagaren sitt arbeid består i å setje kjeldene han / ho finn inn i ein samanheng, presentere dei, sørge for at dei høver inn i den samanhengen han lagar, og sjå etter at lenkja verkar reint teknisk.
Kva med lenkjene?
Slike arbeidsoppgåver kan kanskje minne om redaktøren sitt ansvar i ei avis, eller til forfattaren som nemner ei kjelde i ei bok. Skilnaden, som Gisle Hannemyr påpeiker på si "Faktaside: Hypertekst og P2P", er at ressursen berre er eit klikk unna. I dette ligg det juridisk debatterbare konsekvensar, om kva slags handling dette å lenkje til noko anna er; skal det vere lov å lenkje til andre sine ressursar, kva med opphavsretten, og er den som lenkjer til andre sider, ansvarleg for lenkja sitt innhald, på noko vis?
Hannemyr skriv fyrst at han ikkje vil ta stilling til debatten, berre noterer seg at den pågår. Men så gjer han det likevel, : "(..)etter min oppfatning bør det finnes en ubetinget rett til å lenke til lovlig utlagt materiale så fremt hyperlenken ikke på urimelig måte utnytter andres innsats(..)".
Eg er samd med Hannemyr her, at så sant materialet er lovleg bør ikkje lova hindre ein i å ta ressursen i bruk.
Men denne debatten seier også noko om ansvaret til den som skal legge ut ei slik lenkje: han/ho må sjå til at materialet lenkja går til, ikkje er ulovleg eller krenkjande. Dette er også arbeidet til ein wikilagar.
Pedagogisk vinst av å lage ein wiki - kort fortalt
Med denne debatten i bakhovudet kan arbeidet med å lage ein wiki i ein pedagogisk samanheng - t.d. be elevane lage ein wiki om eit gjeve emne - gje fleire gevinstar.
Det eine er at elevane kan få auka medvit om å vere klar over og sjekke sider og opphavsmateriale dei lenkjer til, og dette kan i sin tur gje auka medvit om kjelder.
Det andre er at det kan gje kunnskap i seg sjølv, materialet dei finn fram til. Dei må vurdere det, lese gjennom og sjå om det høver inn i samanhengen, slik vi har prøvd å gjere i vår wiki.
Konklusjon:
Det finst absolutt pedagogiske argument for å lage ein wiki i klassa om enkelte emne. Då er det opp til elevane, og læraren sin vilje og evne til å lære om og lære frå seg om nye medier.
Lenkje til wikien vår
Lenkje til Diigogruppesida vår
Kjelde: Gisle Hannemyr: Faktaside: Hypertekst og P2P
http://hannemyr.com/faq/legal_href.html

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar